Eg les dette med stor interesse. Eg har tenkt det samme fleire gongar, spesielt etter at eg starta ny jobb i butikk i juni. Eg har mange korte møter med folk i løpet av dagen, og sjølv om eg ikkje har ein djup samtale med nokon, tør eg påstå at eg er ganske sosial. Og når min jobb er å vere hyggeleg, gjer det også dagen min lettare om eg blir møtt med eit smil tilbake. Sjølvsagt, når eg ser at nokon ikkje er i modus for småprat, held eg meg til eit minimum ("noko ellers i dag?", "ha ein framleis flott dag!", etc.), men det er likevel viktig for meg at eg er hyggeleg, og at eg (forhåpentleg) blir møtt av hyggelege kundar. Eg har blitt møtt med mindre hyggelege ting:
- Eg visje ha! - det var tale om det øverste brettet med pålegg. Ein skal få lov til å velge brett som ein vil, men å bjeffe ut noko barn seier når dei må ete grønnsaker, blir litt i overkant.
- Blodpudding. To. - Det var da snakk om to skiver, ikkje to stykk, slik eg tolka det. Han skreik til meg fordi eg tok feil. Eg svarte "beklager, min feil". Eg skreik på innsida.
- *prating i mobiltelefon og stirring ut i lufta* Hmm? Pannekake. *Halde fram éin pekefinger og halde fram med pratinga og stirringa i alle andre retningar enn meg* - Eg trur ikkje denne trenger ein forklaring. Eg står rett framfor deg. Eg er her. Sjå meg i auga!
Dette er ikkje meint som klaging, det er meint som døme på kva er reagerer på. Ein ting er blikkontakt og å faktisk prioritere samtalen ein har med dei menneska ein faktisk møter, men eg reagerer også på retorikken. Svært få seier "vær så snill" eller "takk". Eg trenger ikkje å høyre "kan eg få ein pakke fårepølse, vær så snill?" for kvar ting kunden skal ha, men eg reagerer på å berre høyre "eg skal ha/få...". Ved å berre gjere om til eit spørsmål, eller å seie "eg skulle hatt..." blir heile setninga meir høfleg. Eg ser at til og med dei med den verste dagen smiler svakt tilbake når eg sender dei ut av butikken med eit "ha ein framleis fin dag!". Å slenge på litt høflege fraser no og då skader ikkje, og gjer dagen letter for den du pratar med.
Det gjelder ikkje berre kundar. Når eg går i ein butikk, blir eg litt overraska av å møte ein mutt tilsett som nyttar meir grynting enn tale til meg. Eg forstår at ein kan ha ein dårleg dag, men det skal ikkje gå utover meg som kunde. Kvifor? Du får betalt. Nokon setter villig pengar inn på din konto, og alt du må gjere, er å gjere som du får beskjed om. Gjer det dagen så mykje meir vanskeleg å gjere det med eit smil om munnen? Om kunden før meg har vore frekk, er det urettferdig at det skal gå utover meg. Du kan påvirke humøret til andre med å sende vidare enten eit smil eller ei sur mine.
Eg har eit anna poeng eg vil få fram. I løpet av ein arbeidsdag møter eg mange, mange forskjellige folk, alle med sine liv, sine historier. Det er riktig nok begrensa kva eg ser, men nokre ting blir eg sittande igjen med etterpå. Til dømes:
- fleire eldre som kjem innom for å kjøpe inn litt middag, og dei fortel meg at dei no berre kjøper middag seg selv sjølv, for mannen dykkar døydde i fjor.
- Folk du ikkje eigentleg ser at det er noko gale med, men som du merkar har øvd inn den samtalen han har med deg.
- Personar som ikkje vil ut av butikken, som blir ståande og prate med deg om absolutt alt, for dei har ikkje nokon andre å prate med. Du merkar at dei er einsame, og dette er ein av dei få gongene dei får kontakt med nokon.
For dei er det svært viktig med slike små samtaler i løpet av ein dag, om det så berre er "nei, så du himmelen i dag? Snakkar om blå!" eller liknande flosklar. Er det viktig for dei å få ein liten prat om kva som helst, gjer eg det gjerne. Eg har antageleg berre godt av det, eg også.
Eg liker ikkje insinuasjonene om at vi ikkje treng høflige fraser lenger fordi dei berre er tomme. Sjølv om innholdet er tomt, er ikkje den menneskelege kontakta det.
Eg liker ikkje insinuasjonene om at vi ikkje treng høflige fraser lenger fordi dei berre er tomme. Sjølv om innholdet er tomt, er ikkje den menneskelege kontakta det.
Kva meiner du?
Veldig bra skrive Malin, eg er einig i alt du har lagt fram her :) Folk er alt for lite høflege - ingen har vondt av å smile litt meir eller ordleggje seg på ein litt annan måte som gjer dagen betre for andre.
SvarSlett