Eg har no vore på hemmelig oppdrag, nemlig å infiltrere psykologisk fakultet. Eg har vore her i to veker no, og ingen har mistanke om at eg berre er ein HF-ar i forkledning. Kven veit kor lenge eg må bli her, men eg har i alle fall assimilert meg inn i studentmassen her. Eg har nokre funn å rapportere om.
1. Eg gikk hit med ei forventning om at for å vere psykologistudent måtte du vere enten beint normal eller fullstendig sprø. Eg kan no bekrefte funn som støtter siste del av min hypotese.
2. Den gjennomsnittlige psykologistudent er eit svin, som ikkje rydder pulten sin etter forelesning, ikkje tar med seg søppel ut av kantina, og som tapetserer toalett med (heldigvis ubrukt) dopapir som ein slags offerhandling kvar gong ein er ferdig.
Eg vil rapportere fleire funn seinare, no skal eg fordype meg i søvn. Og det vil seie notat sådan, ikkje faktisk søvn.
Boblekoker out!
Venter på flere oppdateringer fra psykologi-land. Virker som et interessant sted å være.
SvarSlett