Tittelen er kanskje ei overdriving. Det har vore opptil fleire vårteikn, eg har sett krokus og hestehov, følt at sola varmar, og eg har sett folk ta seg utepils. Men i dag følte eg det. På veg gjennom sentrum til universitetet, såg eg reklame for sommarens nye istypar. Då slo det meg:
Det blir sommar i år også.
Denne høsten har vore ein av dei mørkaste eg kan hugse. Jula var våt, ikkje kvit. Det har regna i nesten heile vår, og blåser storm annakver veke.
Difor er det godt på bli minna på at det blir sommar. Det kjem til å bli varmare, og lysare. Eksamen kjem til å komme og gå, og det blir sommar, sommarjobb og varme.
Og det vil gjere godt :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar