Søndag hadde eg og JP 6-årsjubileum, og sidan han var opptatt heile dagen med loppemarkedsarbeid, tenkte eg at eg kunne lage litt ekstra god middag. Vi har ikkje for vane å feire årsdagane våre, men litt god middag skal eg då klare :) Sidan eg jobbar i kjøttdisk, hadde eg tilgang på skikkelige råvarer, så det vert...
Langtidsstekte lammeskankar med rosmarin, karamelliserte rotgrønnsaker, heimelaga potetstappe og heimelaga raudvinssaus! OMGZULU!
Eg kjøpte med ein skanke kvar frå jobb, gned dei inn med rosmarin (tørka, billig :P) la dei i ei ildfast form og lot dei stå i ovnen på 125 grader i fem timar. Det lukta herlig i heile leiligheita! Etter nokre timar starta eg med å skrelle og hakke sellerirot, paprika, søtpotet og løk. I tillegg måtte eg skrelle og koke potetar. Raudvinssausen starta eg med litt seint, i ei ideell verd hadde eg latt sausen koke seg tjukk, men eg måtte jukse med litt maizenna :) Oppskrifta på sausen fann eg for øvrig her.
![]() |
Ovnen kunne kanskje ha vore reinare, men men :) |
![]() |
Problemet med ein så omfattande middag er at det blir veldig rotete på kjøkkenet :/ |
![]() |
Med regn og vind ute er det god mat og stearinlys inne som gjeld :) |
Det blir litt meir skikkelig middag for oss berre det er lam involvert, vi spiser det nesten aldri! Med langtidssteiking blir kjøttet skikkelig mørt, og det blei ein kjempegod middag!
Har du nokre gode oppskriftar som passar no på hausten?
Imponerande, Malin! :)
SvarSlett